Stikkordarkiv: kroppsrørsler

Dansesko

Ein treng ikkje understreka alderdomen
med dårlege dansesko,
når ledane stivnar og
ørska lurer i bakgrunnen,
er det godt å ha sko
som godsnakkar med underlaget,
som gjev friksjon og
samstundes hjelper fram
kroppsrørsler og rundsnuar,
som hjelper kroppen til
å snakka med musikken,
enno ein gong.
Gode dansesko er verde
si kamuflasjevekt
i gull.

Share