Stikkordarkiv: Lillehammer

«Homesick snowball»

Denne gongen har eg sett meg godt til rette i den smårefsande godstolen. Som eit høveleg utgangspunkt har eg laga ei halvvegs meiningslaus overskrift i beste tabloidstil for å fanga interessa til deg som skulle koma til å lesa desse orda. Eg vil kort og godt svinga ein lett pisk over det eg meiner er språkleg fjas. Døma mine er frå eit par arrangement i heimbyen min, Lillehammer. Liknande døme er sikkert lette å finna dei fleste andre stader i landet.

I jolehelga 2016 vart det arrangert eit treff på ein lokal restaurant der bedrifter og ungdom under utdanning kunne treffa kvarandre. «Homesick» er eit samarbeidsprosjekt mellom Lillehammer-regionen Vekst og Finnehjem for å lokka lillehamringar og dølar som kan tenkja seg å flytta heim til regionen. Det heile er eit flott tiltak for å få ungdomar til å bruka utdanninga si i heimtraktene. Sannsynlegvis har prosjektfolka ikkje tenkt på språkbruken i det heile. Eg reknar med at for dei er engelsk ofte meir naturleg å bruka enn kvardagsleg norsk. Probably kjennest engelsk meir to the point. «Heimlengt» høyrest nesten litt traurig ut, dessutan er det lett å forstå. Då er det meir dramatikk over «homesick»; det er nesten som ein diagnose, i alle fall meir som ei sykje.

Tidleg i februar 2017 vart det arrangert ein nasjonal reiselivskonferanse, ein såkalla Snowballkonferanse, «som setter fokus på destinasjonsutvikling og bærekraft.» Konferansen hadde sikkert eit nyttig og framtidsretta innhald. Og når eg tenkjer etter, forstår eg kanskje kor stussleg det ville ha vore å invitera til ein «Snøballkonferanse», i alle fall når det har vore lite snjofall denne vinteren her aust, faktisk det minste som har vore målt sidan 1958. «Snowball» får oss til å tenkja på nordlege Canada eller Alaska, der dei har rikeleg med snjo – kanskje.

Til og med ærverdige Hardanger og Voss museum kjende seg freista til å søkja opptak som leiglending i det engelske språkimperiet då dei for nokre år sidan inviterte til meisterklasseundervisning i hardingfele med framifrå spelemenn og -kvinner. Sjølvsagt måtte det heita Master Class Hardanger. Meisterklasse verkar svært jordnært og kvardagsleg, det forstår til og med ég. Og i all rettferds namn har tiltaket i seinare år retta seg mot internasjonale søkjarar, og då er det nok engelsk som gjeld.

Denne ekstreme overtrua på at engelske ord og vendingar gjer det aller meste meir spennande og attraktivt, har eg aldri forstått. Vent litt forresten, eg har òg vore råka av engelskviruset. Tidleg på 1960-talet hadde eg eit danseorkester. Og tru det eller ikkje, namnet var «The Stenguns». Me måtte sjølvsagt ha eit engelsk namn slik som alle andre. Me hadde på oss varme, skitenblåe nylonskjorter, og stundom pynta me oss med smale, brune slips. Det engelsk-klingande namnet gav likevel heilt feil assosiasjonar til musikken me spelte: mykje gamaldans og litt standard dansemusikk. Snakk om villeiande reklame!

Eg kunne ha skrive kvar fredag om ulike former for engelsksykje i det norske språklandskapet. Men det har mange andre gjort før meg. Eg sluttar likevel ikkje å undra meg over at engelske ord og uttrykk so ukritisk smyg seg inn i språkbruken vår. Som oftast vert ikkje tyding eller meining klårare, snarare tvert imot. Det må nok vera noko med å kjenna seg språkleg på høgd, kunna visa at jau då, me fylgjer med og kan tuta med alle ulvar, berre me slepp å ula på norsk. Verda er ikkje alltid lett å forstå. Men slikt har vel 70-åringar alltid sagt.

Share

Lobbyistar

Den som går framom inngangspartiet til eit departement litt før kl. 09.00 ein kvardagsmorgon, vil leggja merke til mange personar som står i resepsjonen og ventar på å koma inn til møte med politikarar og/eller embetsverk. Svært mange av dei skal fremja sakene sine, og slik sett er dei lobbyistar. Dette er ein del av den normale samhandlinga mellom samfunnet og styresmaktene. I åra mine i Kulturdepartementet hende det eg var med som bisitjar i møte mellom politisk leiing og representantar frå institusjonar, organisasjonar, interesse- og aksjonsgrupper. Mange vil gjerne møta dei ansvarlege politikarane for å fremja konkrete saker. Av og til måtte dei ta til takke med å møta personar frå embetsverket. Ofte var det spørsmål om meir pengar frå departementet, både driftstilskot og stønad til byggjeprosjekt.

Når ein har opplevt ein del slike møte, kan ein ikkje unngå å observera ulike tilnærmingar som møtegjestene bruker for å overtyda politikarane om at dei har idear/planar som er noko å satsa på.

Ein del prøver seg i ein offerrolle, der dei legg ut om kor lite støtte dei får, i alle fall samanlikna med andre. Det er urettferdig at det er slik, og politikarane må sjå til å retta på denne urettvisa. Somme er so opptekne av å vera urettvist behandla at dei heilt gløymer å fortelja kva dei vil gjera, om dei skulle vera so heldige å få auka tilskot. Sjeldan eller aldri vil slik offerrolle verka særleg overtydande på politikarar, uavhengig av politisk farge.

Atter andre går ut med knallhard kritikk mot politikarane. Det gjeld gjerne aksjonsgrupper i saker med høgt konfliktnivå. Møtegjestene refsar det som har vore gjort og tenkt. I ein sjølvrettferdig harme øser dei seg opp i ekse og nærast skjenner politikarane ut fordi dei ikkje har forstått det geniale i dei tankane og tiltaka gjestene står for. Dei bruker faktaopplysningar på ein rufsete måte; selektivt og i beste fall litt upresist. Slike gonger er det berre å freista få i gang ein meir sakleg dialog. Somme gonger nyttar det, andre gonger må ein berre la raseriet fløyma fritt. Det er nok tvilsamt om slike harmdirrande utbrot har særleg effekt.

Dei fleste klarer å halda ein sakleg tone. Dei som er korte og poengterte, som dokumenter på ein nøktern måte kva dei har utført, og kva dei tek sikte på å gjera, står seg godt i møtet med politikarane. Det viktigaste for dei som får koma til slike møte, er å skapa tillit hjå politikarar og embetsverk om at dei er fagleg solide og har evne til å gjennomføra det dei set i gang med. Det er sjølvsagt ingen garanti for at dei når gjennom, men det er ein brukande start.

Eg møtte aldri representantar for sokalla profesjonelle lobbyistar i slike møte. Då tenkjer eg på dei som har gjort det til eit levebrød å selja (altfor dyre) råd om korleis ein skal nå fram hjå styresmaktene med sakene sine. Dt kan godt henda at somme av institusjonane/organisasjonane hadde rådført seg med slike firma før møta i departementet, utan at eg trur det hadde noko å seia for utfallet.

I gamle dager, den tid eg arbeidde ved ulike institusjonar, var det ein sjølvsagd del av oppgåvene å skapa tillit hjå styresmaktene, anten det var på kommunalt, regionalt eller statleg nivå. Var det noko ekstra me gjerne ville gjennomføra, og som kravde ekstra tilførsel av ressursar, var det å få til møte der me kunne leggja fram saka på ein nøktern måte. Eg hugsar enno starten på OL-tida på LIllehammer. Ei veke etter at vedtaket om OL på Lillehammer var eit faktum hausten 1988, sende eg eit notat på faks til departementet med ei skisse av korleis Maihaugen kunne spela ei rolle i OL-samanheng med fornuftig etterbruk. Straks etter vart eg invitert til møte med departementsråd og ekspedisjonssjef, og so var leiken i gang. To år seinare gjekk det to kongelege resolusjonar i Statsråd om korleis OL-utbygginga på Maihaugen skulle finansierast og gjennomførast. Men det er ei anna soge.

Share