Stikkordarkiv: redd

Trivlar etter ord

Du veit kanskje ikkje kva ‘trivla’ betyr? Jau, det er når du leitar i blinde, i mørkeret, litt hjelpelaus, kanskje litt redd, veit ikkje heilt kva du skal gjera eller seia. Eg trivlar ofte etter ord. Dei er so vanskelege å finna, i alle fall dei rette orda, dei som kastar ljos, set ting på plass, dei som får ein sjølv og andre til å seia: nettopp, slik er det! Nettopp-orda ligg ikkje akkurat i dagen, dei er som sjeldne gullklumpar i eit hav av sandgjørme. Hjartelause tilstandar i verda hjelper heller ikkje på trivlande vandringar etter ord som kunne teikna opp ei betre framtid for barneborna våre. Det er fordi ord i seg sjølve ikkje kan endra realitetane her og no; i beste fall kan dei påverka det som skal henda. Når uvissa i verda har ein negativ dåm, vert det ekstra krevjande å finna ord som gjev voner for framtida. Det enklaste er å setja på seg skylappar, leita opp dei gledene som ligg nett rundt ein, smilen ein kan lesa ut av ei telefonsamtale, musikkstrofa som gjev dei gode vibrasjonane, spørsmålet frå eit barnebarn om besten har det bra, ynsket frå nokon om å bidra med det ein enno kan. Dei små gledene i livet er kanskje det beste fundamentet for at det skal finnast store gleder i samfunnet.

Nett no ser det ut til at sola skal kjempa seg gjennom skoddehavet som har lege tett sidan morgonen.

Ank

Lever du stundom livet på ank? Forstår ikkje, seier du? Ottast ikkje, eg skal forklara kva ‘ank’ er. Dei fleste av oss har nok innimellom lege vakne på natta på ank; dvs. me har vore urolege, ottefulle for eitt eller anna. Det kan vera at tenåringane var seint ute, og me venta på at dei skulle koma heim. Det kan vera ank for eksamen neste dag, eit jobbintervju eller eit legebesøk. Det meste kan me anka oss, eller vera urolege, for. Stundom kan det ta heilt overhand, og livet vert prega av alt som er ottefullt og kanskje farleg. Det er ingen god tilstand for nokon.

Eit snev av ank av og til kan kanskje vera av det gode og på sin plass. Det kan vera ein måte å vera på vakt, vera førebudd og klar til innsats, om det er nødvendig. So er det dette å finna høveleg balanse då, mellom det å vera litt budd, ogso på det verste, og vera ottefull og halvredd for det som kanskje kan koma til å skje. Somme av oss klarer å finna denne balansen. Andre strevar og lèt ank og uro prega både natt og dag.

For oss som har godt sovehjarta, er ank kanskje mest ein teoretisk storleik. Stundom kan det vera slik at ein nesten har dårleg samvit fordi ein søv godt, nesten uansett. Klarer ein å finna høveleg balanse mellom dårleg samvit og positive illusjonar, ruslar kvardagane av garde på ein rimeleg grei måte. Då slepp ein å anka seg unødig.

Eit anna hankjønnsord, ‘anke’, har same opphavet som ‘ank’. Tydinga heng også saman. ‘Anke’ kan vera ei klage eller klagemål. I juridisk språkbruk betyr det krav om at ein dom eller ei avgjerd skal behandlast av ein høgare rettsinstans.

Opphavet til ordet ‘ank’ er uvisst, skal ein tru dei som er profesjonelle etymologar. Nokon vil sjå ein samanheng med ei indoeuropeisk lydrot *enq-, *onq-, «stønne, sukke, brøle», som òg er representert i mellomirsk ong, «stønne; sukk», for å sitera  «Norsk etymologisk ordbok» frå 2013. Kan so vera. Eg kjenner ingen som vil anka seg om ein aldri skulle finna det ut heilt sikkert. Uansett har me eit ord som kan uttrykkja ein liten flik av det å vera menneske.