Eg er nok ingen drøymar
korkje i vaken eller
sovande tilstand,
eg ser
det eg ser,
høyrer det eg må
meiner det eg bør
draumar er til
for dei andre.
Eg er nok ingen drøymar
korkje i vaken eller
sovande tilstand,
eg ser
det eg ser,
høyrer det eg må
meiner det eg bør
draumar er til
for dei andre.
Eg ser det eg ser,
forstår likevel ikkje alltid
kva det er,
flimrande syner
trengjer inn i
eit uklårt medvit,
ferdigtenkte tankar
skyggjer for
ukjende konturar,
funderande slør stengjer ute
spirande tankefrø og
hildringa svæver meg inn
i ein tilstand av
trygg hjelpeløyse.
Det hjelper ikkje med
progressive briller,
heller ikkje denne
gongen.
Denne nettsida brukar informasjonskapslar. Ved å gå vidare på sida, godkjenner du bruk av informasjonskapslar.