Stikkordarkiv: skrotten

Alderdom er ikkje for amatørar

Alderdom er ikkje for
amatørar,
du må tena i mange år
for å nå i alderdomen,
du veit aldri heilt
når du er framme,
sjølv om samfunnsformalitetar prøver
å setja tal på det,
sjølv strevar du med å
realitetsorientera delar av hjernen
med resten av skrotten,
få hjernen til å forstå skilnaden på
25 og 75,
opplæringa er uformell,
kunnskapen er realkompetanse,
vitnemålet er det dei andre
som får
når du har fullført slutteksamen.

Share