Stikkordarkiv: smil

Livet er til låns

Livet er til låns
– når eg tenkjer meg om.
Omfanget er ukjent,
vilkåra kan endra seg,
men forvaltninga
bestemmer du sjølv,
kor mykje innsats du vil yta,
kor mykje risiko du
vågar ta
for å sitja att
med ei avkastning,
fylt med godord, varme smilar
og kjærlege hender
som gjer livslånet handterleg
når lånekontoen skal
gjerast opp.

Neste gong du møter ein smil
med ein smil,
stig renta.

Share

Små augneblinkar

Det er råd å samla på
små augneblinkar,
solglyttar gjennom
skyene,
kvitring frå fuglar om
våren,
klukking av vårkåte
bekker,
synet av dei første sjnofjonene som
lyser opp seinhausten,
smilen frå kassadama
på butikken,
ein kort nikk frå kjenningen
i gata,
tonane frå ein dyktig
gatemusikant,
synet av eit ungt par som berre
ser kvarandre,
glade barnerøyster på veg
inn i livet,
vage minnebilete om alt som
kunne ha vorte, men som
smatt ut i ingenting

alle desse små, umerkande
stundene som
kjedar seg saman
til eit liv

små, små augneblinkar.

Share