Stikkordarkiv: språkmeistring

Språk er kjensler

Nokre gonger får eg spørsmål om kvifor eg enno bryr meg med å skriva nynorsk. Det er eigenleg heilt unødvendig i eit lite land som Noreg å halda seg med to skriftspråk som er so like. Det skaper unødig skilje mellom folk og er dessutan dyrt og ineffektivt for samfunnet, vert det sagt. Nynorsk er vanskeleg å læra, vert det også hevda. Skal ein nå fram med det ein skriv, er nynorsk ei hindring, fordi det er so mange som ikkje orkar å gje seg i kast med nynorske tekstar, er ein annan påstand. Ein gong for mange år sidan i ein uformell samanheng diskuterte eg nynorsk med ein dåverande statsråd. Vedkomande vona at det om nokre tiår ville vera slutt med nynorsk som eiga målform fordi det var svært upraktisk og eigenleg heilt unødvendig.

Kvar gong eg har forsvart nynorskbruken min, har eg vist til den kultur- og språkhistoriske grunngjevinga som me nynorskingar alltid dreg fram. Nynorsk som uttrykk for folkeleg språk, arven frå Ivar Aasen, nynorsk som språkleg uttrykk for dialektbakgrunnenen min, den aktive språkføringa med vekt på å bruka verb i formuleringar osv. osv.

Alle desse argumenta er vel og bra, men fyrst og fremst handlar språkbruken min om kjensler. Nynorsk var det fyrste språket eg brukte då eg skulle uttrykkja meg skriftleg. Nynorsk skriftspråk gav meg dei fyrste gledeopplevingane av å læra eit språksystem, av å meistra, av å kunna formulera meg slik at andre forstod. På nynorsk fekk eg dei fyrste og viktigaste rettleiingane om korleis språk kan forståast som system og brukast som meiningsberande instrument. Alle desse fyrste språkopplevingane på nynorsk har nok hatt meir å seia for språkvalet mitt enn eg har vore klår over. I tillegg skal sjølvsagt nemnast lærarar, frå barneskule til universitet, som understreka ulike kvalitetsdimensjonar ved nynorsk som språk.

So har det sjølvsagt vore ei medverkande årsak at eg som nynorskbrukar har fått merka frå omverda at eg tilhøyrer eit mindretal. Dette å måtta forsvara og rettferdiggjera språket sitt fordi ein er i mindretal, har tirra meg, har fått meg til å tenkja: pokker og, mi oppleving av kva som er godt og føremålstenleg språk, er like verdfull og rett som det andre måtte meina, som ikkje har hatt den same språkbakgrunnen som eg har hatt. Eit språkleg fleirtal har ingen rett til å nedvurdera mindretalsspråk. Kjensla av språkleg konfrontasjon  og opposisjon har nok spelt ei større rolle enn eg har vilja vedgå.

No må ikkje dette tolkast som ei mobbehistorie der omverda heile tida har konfrontert meg med at eg er nynorskbrukar. Dei aller fleste eg har møtt, respekterer at nynorsk er  eit fullgodt og likeverdig skriftspråk med all mogeleg eksistensrett. Likevel, ender og då viftar ein og annan språkfanden med hestehoven og sender direkte og indirekte meldingar om at snart bør me i dette landet kunna kvitta oss med nynorsk som eige skriftspråk. Det tirrar, irriterer og får fram motstandskjensla. Språk er so absolutt eit spørsmål om kjensler.

Share