Stikkordarkiv: væte

Vestavêr-skyer

Vestavêr-skyene har det annsamt
i dag,
hastar av garde over
åskanten;
somme låner ljos frå ei usynleg
sol,
andre er mørke og ber bod om
regn.

Vestavêr-skyene strenar mot ljoset
i aust,
har kvitta seg med væte
før dei trekte over
fjella.

Vestavêr-skyene ber med seg helsingar frå
heimtraktene,
der eg ein gong for lenge sidan
trødde inn i denne verda.

Vestavêr-skyene er litt mine
der dei dansar i lett skapnad
på veg austover for å gå i
oppløysing.

Share

Grøne grasstrå

Gul-brun bakke strekkjer seg
i landskapet,
heit sommar har sett sine
spor

i utkanten, under eit tre
vågar nokre grøne grasstrå
seg fram,
har gøymt seg i livd
til væte nok ein gong
har gjort grastilværet
leveleg

grøne grasstrå vaiar
i svake vindpust,
smyg seg fram,
sender varsam livsglede
inn i ein gul-brun
kvardag.

Share