Kategoriarkiv: Funksjonshemma

Danseglede frå ein rullestol

Musikken strøymer ut
i rommet,
i rullestolen sit ein kropp
fastspend,
hovud og armar går bakover i
ei spastisk rørsle,
augo funklar og
smilen lyser opp i
eit andlet som
strålar av glede,
«Reinlendar!»
Ropet fortel at nokre
enkle dansetonar har forma
ei ufatteleg glede hjå
eit menneske
som lever eit liv
på trass.

Share

Det er lov å ha tunn hud

Det er lov å ha tunn hud
over sorga
som slo inn i kvardagen
for lenge sidan.

Det er lov å finna glede
i alle dei augneblinkane
som legg ljose fargar
inn i sorga.

Det er lov å prisa alle
stunder
der livet utfaldar seg
på trass.

Det er godt å stryka over kinnet
på eit annleisliv
der gleda vermer
alle som kjem nær.

Share