Å gå på tusko

Dei som er oppvaksne i hardingbygdene, og som har levt nokre år, veit trulegvis kva det betyr å gå på tusko. Det var slikt gutane gjorde når dei besøkte jentene, som oftast i helgane. Somme av oss har vel vore tusko-gjengarar, i alle fall som ungdomar. Dei fleste av oss tuska nok frå oss i tidleg alder. Nokre få kom ikkje over tusko-tida. Dei gjorde det til ein livsstil og jakta lenge, på veg mot evige jaktmarker.

I min ungdom var det å gå på tusko noko ein gjorde i løynd; det var i alle fall ikkje noko som ein kunngjorde vidt og breitt. Spesielt i tidleg-fase, som det heiter i vår tid, skulle ingen vita om at ein gjekk på tusko til ei spesiell jente. Enno går det gjetord i somme bygder om dei gongane nokon vart avslørte. Då var dei andre ungdomane raske med å strøy, dvs. dei fann sagflis og strøydde ei godt synleg stripe mellom heimane til dei to det galdt. Det var nok mang ei jente eller gut som sundagsmorgon såg ut vindauga og oppdaga stripa med sagflis som gjekk over gardsplassen. Dei forstod med gru, eller kanskje med glede, at no var tusko-prosessen avslørt. No visste alle.

Og berre for å ha sagt det: det var ikkje likestilling i tusko-prosessen. Gutane gjekk på tusko; jentene tok i mot, eller sende heimatt. Ikkje sjeldan var det nok gutar som sundagsmorgon kjende seg både tuskne og smått depressive etter ei mislukka tusko-ferd.

I våre dagar er det offentlege organ og institusjonar som går på tusko. Høgskular og universitet ser seg om etter både ein og fleire partnerar. Dei må veksa seg større, må vita, verta «robuste». Truleg betyr det å verta fagleg robust at det må vera mange nok som tenkjer dei same tankane. Kva tankar som vert tenkte, er ikkje so viktig. Det viktigaste ser ut til å vera at mange tenkjer likt. Då er ein robust, eller i godt hold, som me sa i gamle dagar.

Dei ivrigaste tusko-gjengarane er kommunane, som somme gonger ser ut til å gå på tusko i alle retningar. Det er eit visst hippie-preg over somme kommunar som ser ut til å vilja prøva ut det meste i mils omkrins før ein bestemmer seg. Dei vurderer strategiske mål, kjøtvekt og ikkje minst feittprosent og evna til næringsinntak. Kommunale beinrangel som i tillegg ser ut til å vera beinskjøre, har ikkje ljose framtidsutsikter. Dei kan i beste fall rekna med å enda livet som attegløymer på eit eller anna bu- og servicesenter i ein rik kraftkommune.

Likevel, det er ein skilnadsavgrunn mellom våre tusko-turar i ungdomen og tusko-traskinga som kommunar og høgskular stavrar rundt i no. Foreldra våre var definitivt ikkje innblanda når me gjekk på tusko. Som oftast var dei dei siste personane som fekk vita noko, og då ofte i form av ei melding om at det nok var på tide å ordna til bryllaup so kvikt som praktisk mogeleg. Men i den offentlege tusko-prosessen står dei føresette nærast og trugar høgskular og kommunar til å gå på tusko. Her gjeld det å vera frampå, både seint og tidleg. Finn ein ikkje saman frivillig, skal dei føresette arrangera nødvendige giftarmål. Det einaste vilkåret er at dei må vera naboar, på eit vis. Dei som er raske med å finna i hop, er til og med lova ekstra medgift. Og ikkje minst: heile prosessen er offentleg. Me kan lesa om kjenslene som vert sette i sving; tru og tvil, fortviling og glede. Ingen ting er løynt; ja, nesten då.

For å vera heilt ærleg: eg held ein knapp på den individuelle tusko-ganga i gamle dagar, tufta på fri vilje og personleg initiativ. Var ein heldig, kunne det innimellom opna seg ljosportar.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.