Regndropar

Skrivetankar er som
regndropar mot ei
grå steinhelle,
slår ned
i underlaget
som skarpe sprutar,
prikkar inn dropane
i sin eigen rytme,
fargar hella
med mørk væte
i eit eige mønster.

Altfor fort sluttar
regndropane å falla,
steinhella turkar opp,
litt etter litt,
til slutt er
det gråe berre
grått.

Gråturr ligg ei steinhelle
og minnest
då regndropetida
var sterk nok til at
småbekker rann
over hellekanten.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fourteen + fourteen =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.