Det er ikkje greitt å stå på sokkel for tida. Sokkelfolket har vel alltid vore noko for seg sjølve der dei står meir eller mindre opphøgde og ser ned på oss som tuslar rundt på jordskorpa. Ikkje seier dei noko heller, der dei utan synlege kroppsrørsler står som fastfrosne og forsteina i all framtid. Dei fleste av sokkelfolket veit ikkje eingong at dei står der. Fleirtalet hadde vel lege under torva ei god stund før dei steig oppatt ein eller annan dag på ein sokkel. Ja, det er sikkert somme som fekk oppleva å koma på sokkel i levande live og på den måten leva eit dobeltliv. Eitt liv, vandrande rundt mellom vanlege dødelege, og eitt liv i stein eller metall der dei stein daude korkje ser eller høyrer.
Innimellom skjer det då at nokon med høgt utvikla kunnskap om kva som er rett og gale, både i dag og i all fortid, finn ut at somme av sokkelfolket eigenleg var kjeltringar. Dei gjorde handlingar og hadde meiningar som aldri hadde kvalifisert til sokkeltilvære om dei hadde levt i dag. Skammekrok, digital gapestokk eller fengsel hadde vore meir trulege tilhaldsstader. Dermed kan maskinentreprenørar få ekstrajobbar med å ta ned desse sokkelfigurane som ikkje tilfredstiller krava til plettfri vandel anno 2020. For ein som er prinsipiell motstandar av å setja folk på soklar, er dette greitt nok, sjølv om eg har vanskar med å forstå at kunnskaps- og synspunktnivået i 2020 kan seiast å liggja på eit so høgt nivå at det aldri kan verta betre korkje i fortid eller framtid. Men det er ei anna soge.
Eigenleg er sokkelfolket nesten uskuldige i denne konflikten. «Skurkane» i soga er dei som i si tid tok initiativ til å forsteina eller metallisera desse folka på soklar. Det er utruleg mange som opp gjennom historia har fått det for seg at å plassera daude representasjonar av folk på soklar skal vera ein heidrande måte å handtera minnet om dei på. Forteljingane om alle dei personane og nemndene som har sett i gang aksjonar for å setja nokon på sokkel, vil vera ei historieforteljing om rådande samfunns- og kultursyn. Forteljingar om kven som hadde definisjonsmakt, maktnettverk og ressurstilgang til å realisera sokkelprosjekt. Dei var like sikre i tru og overtyding om sokkelprosjekta sine som dei som i dag vil fjerna somme av sokkelfolket. Det beste ville vera å slutta med skikken å setja folk på soklar for å heidra dei. Ein enklare og betre minnemetode er å ta vare på det som dei minneverdige personane måtte ha sagt, gjort eller laga. På den måten kan livsverket deira vurderast på nytt av kvar generasjon utan omsyn til meir eller mindre vellukka sokkelvariantar.