Høylass med ord

Kvar dag møter eg
høylass med ord,
kjem på vogner
fylte med hardpakka
ordgras,
dårleg turka,
knapt med fôrverdi,
helst berre
vomfyll.

Saknar den ryggborne
høybøra,
bunta saman
med omhug,
tilpassa ein
mannarygg,
ei ordbør med
godt fôr
for gane og hug.

Kanskje er det
på tide å lauva
i villskogen.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.