På bakarste benk

Finn fast plass
på bakarste benk,
ser at salen fyllest opp,
merkjer seg dei
som set seg langt framme,
som fyller synsfelta til
dei få
som tumlar rundt
på scenekanten.

På bakarste benk kan ein sjå
utan å verta sedd,
kan ha vidvinkla avstand
til scenelivet,
kan siga ned bakom ryggen
til den som sit framanfor,
kan smyga inn i det trygge
famntaket som den gråe
anonymiteten byr fram
på bakarste benk.

På bakarste benk
er ein nett so mykje til stades
at ein seinare
kan fortelja barneborna
at jau, eg var der,
såg det meste
frå bakarste benk.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.