Svar utan spørsmål

Oftare enn
eg likar,
surrar eg rundt som eit svar
utan spørsmål.
tenkjer og grundar,
meiner og trur
eg forstår.

Det er so lett å vera meiningsfør
i desse dagane,
di mindre ein veit og kan,
di lettare å vera sikker
på svaret.
Og helst må ein finna eit svar
i fall det skulle koma
eit spørsmål.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.