Stikkordarkiv: Hardanger

“Livet er for kort til å seia kanskje”

Tittelen på denne teksten såg eg våren 2017 på ein tur til Hardanger. Eg vart liggjande bak ein tysk bubil frå Granvin til Kinsarvik.”Das Leben ist zu kurz um vielleicht zu sagen”, stod det med elegant skrift bak på bubilen, som var ein ombygd buss. Han tok god plass på vegen mellom Bu og Kinsarvik. Det var uråd å koma forbi doningen, so eg fekk god tid til å sjå på og tenkja over formuleringa, som visstnok skal vera eit ordtak. Det finst mange andre formuleringar som har det til felles at dei startar med at “livet er for kort…”

Det fyrste som slo meg, var at han ikkje heilt levde opp til ordtaket i køyringa si. Han heldt seg stort sett midt i vegen; han trudde nok at kanskje var han for nær kanten på høgresida av vegen. Dette gjorde at alle møtande bilar måtte anten rygga, der det for smalt, eller leggja seg godt ut i grøfta for sleppa fram denne halvfilosofiske, tyske bubilturisten. Heldigvis sat det tydelegvis innfødde i dei fleste møtande bilane, og dei er vane med å møta framande som likar seg midt i vegen. Sjølv kunne eg berre ta det med ro. Med ein slik doning framfor seg er ein rimeleg sikker på å koma fram utan å måtta rygga. Det er dei møtande bilane som må ta til vitet kvar gong. Komen til campingplassen i Kinsarvik, fekk han tydelegvis nok og ville avslutta turen med ein halvkald blømingskveld i Kinsarvik til tonane av gamaldansmusikk på toradar og trekkspel. Det siste er det nok grunn til å setja eit ‘kanskje’ attåt.

Ordtaket surra vidare i hovudet mitt, og eg måtte vedgå for meg sjølv at ‘kanskje’ er eit ord som heller ofte er framme i både tankar og skrift. Det er dette med å ikkje verka for sikker, for framfus, eller på annan måte stå fram som ein person med lite realitetsforankring. Alt etter korleis ein bruker ‘kanskje’, kan det gje ei von at noko kan koma til å skje, men like ofte eit signal om at noko ikkje er aktuelt. Ordet hjelper oss til å sleppa å vera kategoriske og bastante. Ofte er det grunnlag for det, i alle fall i mi verd. Kategoriske personar kan ha ein tendens til å sjå verda i svart eller kvitt. Me som likar alle nyansar i grått, er nok litt glade i ‘kanskje’ og andre tvilarord som ‘men‘ og ‘kvifor‘.

Men kanskje er det slik at me altfor lett tyr til ‘kanskje’ for å sleppa å ta stilling, for å unngå å gripa augneblinken eller for å halda oss unna det ukjende. Kanskje ein litt oftare burde sleppa taket i ‘kanskje’, og la det stå til? Ein veit aldri. Difor er det tryggast, i alle fall stundevis, å ha ein livbøye som heng på veggen med ordet ‘kanskje’ skrive i sirleg skrift. Den tyske bubilturisten viste i alle fall tydeleg at det er høgst menneskeleg å ha ei åtferd som viser avstand mellom liv og lære. Han tok seg fram på dei smale hardangervegane med eit trygt tak i førestillinga om at kanskje er det ikkje nok plass på høgre sida for ein stor bubil. Slik kan det det kanskje vera på andre vegar òg.

Share

“Folkevandringa”

Nei då, dette er ikkje ein tekst om folkevandringstida i historisk meining, den som fagfolk meiner var mellom år 400 og siste halvdel av 500-talet e.Kr. Dette er eit lite glimt frå tida etter andre verdskrigen og framover til 1970-talet i fruktbygdene i Sørfjorden. Tidleg lærte me ungane at kvart år, frå mai til oktober, kom det mange utanbygds ungdomar for å arbeida på gardane. Det var som ei lita “folkevandring”, sjølv om arbeidsvandring nok er eit meir presist omgrep. Tauser og drengjer kom talrike til bygdene; sunnhordlendingar, strilar, rogalendingar, trønderar, gudbrandsdølar, hallingdølar, ja, til og med danskar dukka opp av og til. Dei skulle hjelpa til med gardsarbeidet, både vanleg slåttonn og henting av moreller, plommer, pærer og eple,  Somme gardar kunne ha 8-10 ungdomar som gjestearbeidarar på det meste. Dei fekk hus og kost i tillegg til arbeidsløn.

For oss ungane og ungdomane var det spennande tider. Det knytte seg alltid spenning til kva tenestefolk som kom. Jentene kikka i smug på gutane, og unggutane merkte seg ut tenestejentene. Om kveldar og i helgane møttest dei tilreisande og bygdeungdomen til dans i dei mange ungdomshusa. Det vart nok knytt kontaktar på ulikt vis. Ser ein på ættarbøkene frå distriktet, kan ein lett finna ut kvar tenestejenter vart verande som koner på gardane. Slik sett tente desse arbeidsvandringane til å friska opp genmaterialet i hardingbygdene. Ingen har grunn til å klaga på dét.

Dei færraste hadde særleg arbeidstrening før dei kom, og det hende at somme vart sende heimatt fordi dei ikkje fann seg til rette med arbeidet. Dei fleste vart likevel verande ut sesongen. Det var ikkje uvanleg at gardbrukarane, når dei møttest, drøfta kvaliteten på arbeidsfolket som hadde kome. Eg hugsar enno dei to unggutane frå Sunnhordland; dei skulle henta moreller på Halldors-bruket. Moreller var ukjende for dei. Den eine henta fyrste laupen (= hentespann i tre) med moreller utan stilk. Det gjorde han ikkje fleire gonger. Den andre likte moreller so godt at han åt seg sjuk. Tvikrokete stod han ved trestamma og gav hals. Begge vart brukande hentarar og stod sesongen ut.

I august-september kom det endå meir tilreisande til bygda. Då var det ofte brislingfiske. Fiskebåtane kunne liggja i hopetal på fjorden der dei store ljoskastarane skapte trolsk stemning i mørke haustkveldar. Etter kvart dukka det opp brislingsteng langs land, og måsane hadde gjestebod både seint og tidleg. Fiskarane kom i land av og til, og me ungdomane fekk endå fleire ukjende å glåpa på. Samstundes med brislingfisket kom det somme gonger omreisande tivoli som slo seg til på Røysa i Lofthus sentrum. Det var fjetrande tider for ein unggut som betrakta fiskarar og annan tilreisande ungdom som hadde eit heilt anna pengeforbruk på tivoliet enn det ein sjølv kunne tenkja seg. Nokre omgangar på lykkehjul kunne gå. Nokre gonger med mislukka kasting på boksar òg. Éin gong vart eg spurd om å hjelpa til; eg trur det var ballkast på boks. Det var stas. Elles var det å stå og ovundra dei som skaut med luftgevær, spesielt dei som skaut godt og som fekk namna på ei liste over dei beste skyttarane. Heimatt om kveldane gjekk me flokkevis i haustmyrkret. Var ein heldig, kunne ein gå og prata med den jenta som ein gjerne ville prata med; sjølvsagt heilt tilfeldig.

Om me lærte noko av desse årlege møta med mange ukjende? Me observerte i alle fall at me kan vera ulike, og det var greitt,  Det er i og for seg ingen uviktig observasjon for ein oppveksande ungdom.

Share