Stikkordarkiv: rom

Mellomrom

Mellom oss ligg
heile tilværet:
avstand, nærleik,
glede, sorg,
det finst knapt viktigare rom
enn mellomrommet og
det kan vera strevsamt
å dimensjonera mellomrom,
å finna ut kor romslege
mellomrom bør vera.
I røykstovene bestemte
lengda på tømmerstokkane
kor stort rommet vart.

Share

Det meste er lenge sidan

Det meste er
lenge sidan,
eit rom som fyllest,
eit rom der golvplassen minkar og
veggene er dekte
med skuggar og
einsfarga profilar.

Enno er det golvplass
til å føta seg i
rommet,
enno kan ein skimta
ljospunkt på
veggene,
enno smyg det seg inn
nye ting.

Eg trur eg vil be snikkaren
laga eit større
rom.

Share