Stikkordarkiv: lenge sidan

Lenge sidan

Meir og meir
vert lenge sidan,
lenge sidan
eg var på fyrste
kappleiken,
på fyrste dansefesten,
på siste eksamensprøva,
lenge sidan fyrste arbeidsdagen,
lenge sidan eg gjekk ut
kontordøra
for siste gong,

me er mange
som tykkjer mykje
er lenge sidan,
me har ein ryggsekk full
av lenge sidan,
erfaring heiter det visst,
kunnskap om kva me gjorde,
den gongen,
for lenge sidan

lenge sidan gjev ramme for
nye dagar,
held oss på vegen,
får oss til setja pris på
dei jamne kvardagane,
di fleire me får med oss,
di meir innhaldsrikt vert
lenge sidan.

Det meste er lenge sidan

Det meste er
lenge sidan,
eit rom som fyllest,
eit rom der golvplassen minkar og
veggene er dekte
med skuggar og
einsfarga profilar.

Enno er det golvplass
til å føta seg i
rommet,
enno kan ein skimta
ljospunkt på
veggene,
enno smyg det seg inn
nye ting.

Eg trur eg vil be snikkaren
laga eit større
rom.