Stikkordarkiv: figurar

Det meste er lenge sidan

Det meste er
lenge sidan,
eit rom som fyllest,
eit rom der golvplassen minkar og
veggene er dekte
med skuggar og
einsfarga profilar.

Enno er det golvplass
til å føta seg i
rommet,
enno kan ein skimta
ljospunkt på
veggene,
enno smyg det seg inn
nye ting.

Eg trur eg vil be snikkaren
laga eit større
rom.

Share

Skyer

Mot den blå himmelbakgrunnen
leikar luftstraumane seg
med skydottar
som fyk forvirra
ikring,
formar stundom finurlege
figurar,
andre gonger berre
eit gråkvitt
kaos

innimellom blandar
fuglar seg inn i synsfeltet,
som luftherrar seglar dei rundt
på luftstraumane,
leikande, med full
kontroll

nesten umerkande og utan varsel
vert himmelbakgrunnen
heilt blå,
berre blå,
ingen skyer,
ingen figurar,
inkje kaos,
berre ein og annan
fuglen

får vona
det kjem nye skyer
i morgon.

Share