Atterhald

Det er som å koma seg på trygg grunn
etter ein vågal symjetur
når ein kan formulera seg
med atterhald,
ordet er som
ei livline
for oss tvilarane;

når me dessutan kan vagla oss
på gjerdet
og observera alle dei
som valsar rundt på
begge sider av gjerdet,
kan atterhaldslukka koma
på eit høgt nivå;

på den andre sida:
(favorittuttrykk for atterhaldarane)
dei skråsikre utan
atterhald
er heller ikkje
å trakta etter,
dei kunne trenga
atterhald på blå resept;

moralen er difor sannsynleg,
men ikkje sikker:
ein dose atterhald i livet
gjer godt,
med mindre noko anna
skulle visa seg å vera
betre.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.