Annleis kvardag

Kvardagane vart annleis,
statsleiarar sleppte laus sinne
og tru på at
somme menneske
fortener ikkje å leva,
krigsindustrien blømer,
økonomien veks,
næringslivet har tru på
framtida,
foreldrelause barneaugo frå
krigsruinane
lyser mot kameralinsa,
veit knapt at ordet ‘framtid’
finst,
deira kvardagar er fylte med
alt som gjer morgondagen
uviss og utrygg,
dei kan berre drøyma om
å sjå eit fuglereir
i kanonmunninga
på ei stridsvogn.
Det ville ha vore
ein annleis kvardag.

Share