Kan du høyra kva eg gjer?

Kan du høyra kva eg gjer,
sjå kva eg seier?
Kan du kjenna
når det usagde
syng ut
den tagale bodskapen
om alt det
som eg ikkje visste
fanst
i eit menneskeliv?

Det kan vera ei trøyst
at enno har ingen
nokon gong
fatta alt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *