Ventetidtankar

Dei mel og mel
desse ventetidtankane,
surrar i ring,
bit seg sjølve i
halen, startar på nytt og
på nytt,
prøver å førestilla seg
alt det uvisse
som ventar der framme,
prøver å leggja korta
slik at ventetidkabalen
kanskje kan gå opp

surrar og surrar,
kvernar og kvernar,
desse ventetidtankane

heilt til
framtida haustar inn
ventetida
og gjer ho til
fortid

ventetida finn alltid
ein slutt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *