Stikkordarkiv: damer

Soldagar i mai

Det slår aldri feil,
solrike maidagar lokkar fram
damer med hagestolar,
dei set seg på
hageflekken der nede,
kledde for solbad og med
andleta vende mot sola,
kaffikoppen i handa
og ein bunke blad
nede ved føtene,

eg ser dei gjennom vindauga,
høyrer ikkje eitt ord,
ser likevel dei pratar,
dei gestikulerer ivrig og
pratar med armar og hender

karar vandrar forbi,
stoppar stundom opp og
vekslar ord,
har aldri sett karar
koma med stolane sine,
dei berre vandrar vidare,
tilsynelatande målretta

fascinerande med slike soldagar
i mai
graset sprett opp
blomar sprett ut
og damer kjem stikkande
med hagestolane sine,
alt skjer berre fordi
sola velsignar oss
med fleire soltimar.

Stundom skal det ikkje meir til
enn litt sol.

Share

Det er dei dagane

Det er dei dagane
då Storgata fyllest med
damer på vandring
til små arenaer
der orda får liv.

Det er dei dagane
då karane oppdagar
at stambordet på kafeen
er oppteke
av ivrige damer
som diskuterer
ord.

Det er dei dagane
då litteratur og litteratar
strøymer til Lillehammer,
får byen til å kjenna
seg som sentrum
for ord med meining.

Det er dei dagane
Norsk litteraturfestival fyller
ein småby med menneske
som har forstått at
det må ord til
for å forma
eit liv.

Share