
Månen kan skimtast
bak skyene,
anar den runde konturen,
ljosstrimer trivlar seg fram,
prøver å koma seg gjennom
dei gråmørke skyene,
ein liten kamp mellom
ljosstrimer og det døkke,
varer ei god stund,
men i kveld måtte ljoset
gje seg,
eit tungt skylag
breidde seg over det
rommet
der månen skulle ha
sendt strålar ned på
ei jord
som i desse dagane
kunne trenga nokre fleire
ljosstrimer.
Stikkordarkiv: måne
Søkjande måne
Legg igjen en kommentar
I den døkke sommarnatta
leitar månen seg fram
mellom myrke
skyformasjonar,
dei ertar han som
ulydige born,
sperrar utsynet,
legg hetter av grå
masse over han,
stengjer han inne
for så å trekkja seg
til sides
slik at han kan
pensla alle som
held seg vakne
ei slik sommarnatt,
med svakt, vonfullt
ljos.
Det er lett å kjenna seg
i slekt med månen
slike nattestunder.