Stikkordarkiv: retta

Sokk på ranga

Mellom kanten på buksebeinet og skoen
lyser ein sokk
på ranga,
sokkeberaren var berre halv-vaken
då han trødde inn i
dagen,
det er so mangt som skal
passera ein enkel
mannehaus ei morgonstund,
sokkar er knapt det
viktigaste,
årelang empirisk erfaring
har dessutan vist at
sokk på ranga
er like varm som
sokk på retta.
Og det er varmen
som tel.

Share