Bris ein varm sommardag
er ei stempla god
oppfinning,
denne lette kjensla
av svalande luft
som stryk over
småvarm panne,
ja, over heile
kroppen,
får ein til å tru
at nokon der ute
vil ein vel,
vil at livet
skal vera
so nokolunde.
Stikkordarkiv: varm
Sokk på ranga
Legg igjen en kommentar
Mellom kanten på buksebeinet og skoen
lyser ein sokk
på ranga,
sokkeberaren var berre halv-vaken
då han trødde inn i
dagen,
det er so mangt som skal
passera ein enkel
mannehaus ei morgonstund,
sokkar er knapt det
viktigaste,
årelang empirisk erfaring
har dessutan vist at
sokk på ranga
er like varm som
sokk på retta.
Og det er varmen
som tel.