Det er ikkje berre firma og bønder
som kan snakka om
innsatsfaktorar,
kvar morgon set eg
innsatsfaktorane mine
på bordet framfor meg,
kaffi, grovt brød, mjølk,
sur og søt,
diverse pålegg,
og ei samling med
tiltugg frå apoteket,
og ja, eg òg merkar
at kostnadene stig
for mine innsatsfaktorar,
det er ikkje billeg
å halda ein skrott gangande
og skrivande,
det krevst mange faktorar
for å kunna gjera ein
innsats.
Stikkordarkiv: skrott
Laurdag i skuggen
Legg igjen en kommentar
Sydenvarmen har smoge seg inn
på verandaen,
skrotten leitar etter
skugge
der han kan siga ned i ein
stol,
og i samansigen tilstand
lata skoddete tankar
surra rundt
medan undrande augo fylgjer striper
på himmelen
etter fly som skyt
i veg mot ukjende
destinasjonar.
Det er mykje ein nedsigen skrott
kan undra seg over
når kortreist sydenvarme er ein realitet
i nærområdet.