Stikkordarkiv: rudl

Det er so lett

Det er so lett å vera oppteken
av alt ein ikkje
er god til lenger,
springa fort oppoverbakke,
lyfta tungt,
svinga seg lenge
og stødig i rudlen,
høyra grashoppelyden
i sommarkvelden

medan eg trekkjer pusten
i motbakken,
kan eg sjå bjørkelauvet blafra
og høyra fuglesongen
fylla stilla,
ein roleg dag
får ekstra liv
når barnebarnet ringjer
og spør
korleis eg har det,
slike gonger er det so lett
å verta glad.

Share

Glimt frå folkedanshistoria i Noreg

I 2023 markerer folkemusikkrørsla og FolkOrg  at det er 100 år sidan Landslaget for spelemenn (no FolkOrg) vart etablert. I samband med eit arbeid om filming av folkedans i Hardanger sommaren 1967 har eg sett nærmare på korleis folkedans er omtalt m.a. i aviser på 1800-talet. Resultatet er ein artikkel med omtale av og tilvising til kjelder som viser litt av grunnlaget for det organiserte arbeidet med folkemusikk og folkedans utover på 1900-talet. I artikkelen kan du lesa at:

  • så tidleg som i 1843 var det framsyning av norsk folkedans i Stockholm i regi av den norske statsministeren
  • frå 1860-talet kunne halling og springar vera del av programmet i sirkus og varietéteater
  • på Vasetdansen i 1885 vart det halde tevling i springdans og halling med pengepremiar innsamla av gjester på Sanderstølen
  • på nokre danseskular var det kurs i springdans frå 1860-talet og utover
  • Vestmannalaget heldt det fyrste kurset i springdans i 1899
  • dei regionale danse-nemningane telespringar, valdresspringar, vestlandsspringar osv. kom fyrst i bruk frå 1908 og utover.

Artikkelen kan du lesa og lasta ned ved å trykkja på lenkja nedanfor:

artikkel formatert

Share