Stikkordarkiv: tonar

Medan bombe-eksplosjonar dundra

Medan bombe-eksplosjonar dundra seg
inn i medieoverskrifter,
pakka eg ein koffert
på veg for å møta likesinna
som likar dei positive sidene
ved det å vera menneskje,
som gler seg over
vare tonar
og elegante kroppsrørsler
til musikk.

Tonar og dans har enno ikkje
truga med å utsletta
manneætta,
tvert i mot,
tonar og dans får menneska
til å trivast i sameksistens,
på tvers av generasjonar.

Slikt forstår ikkje styrande
der dei klengjer seg til
militær styrke og makt,
meiner at
tvang, makt og rå styrke
skal gjera samfunna våre
betre.

Dei burde ha høyrt
på vare tonar frå
ein Håstabø-rudl
ein Fykerud-springar
eller ein langeleikslått
og kanskje innsett
at lyden av hugtakande tonar
gjer livet betre
og tryggare
enn lyden av
dundrande bombe-eksplosjonar.

Tonane eg aldri fekk til

Sluttar aldri å angra på
at eg ikkje
la nok innsats i
å læra å spela hardingfele,

med tanke på all glede
feletonane har gjeve
i livet,
skulle eg gjerne ha opplevt
å kunna koordinera bogehand
og fingrar
slik at tonane trefte
både meg sjølv
og andre,

det er mange livstonar
eg ikkje fekk til,
feletonane
er mellom dei såraste.