Treriva

Foto: Trøndelag Folkemuseum

Foto: Trøndelag Folkemuseum

 

 

 

 

Inst i ein krok
står ei gamal trerive,
god og hendig
i høyonna,
gjorde det ho skulle
i hendene på den
som kunne,
trong nye tindar
no og då;
so god som ny
når alle tindane var på plass;
etter ei tid skranta innfestinga,
tindane ville ikkje sitja,
tindelaus rive er
skral reiskap,
vart sett til sides,
inst i kroken,
der ingen såg,
før no, når
skytja skal rivast,
og  gamalt skrot  vert
renovasjonsmat.
Den nye riva er av
plast.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.