Snakk med eit barn

Kva står att
når draumen kverv,
når du knapt ensar
soloppgangen,
når du ikkje veit om
månen er ny
eller gamal?

Snakk med eit barn,
slepp inn ljoset
frå barneaugo,
nyt musikken
i barnelåtten,
be om å få låna
nyfikne, spontanitet
og glede
– og du får sansa
nok ein gong
at solstrålane har
livgjevande varme.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.