Store ord

Dei flyt lett,
i hopetal,
dei store orda

på scena auser
ein figur ut
ordflaumar utan
stans,
kastar adjektiv ut i salen,
boltrar seg i superlativ,
vil ha oss til å tru
at det finst ikkje
maken,
korkje før eller seinare

utanfor vindauget
blømer syrinane,
om nokre dagar er blomane
visne.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.