To stearinljos

To brennande stearinljos i kvar si krå;
det eine brenn ujamt og seint;
ein svak trekk får det til å brenna skeivt;
stearinen renn ut, storknande stearin omfamnar ljoset;
veiken strevar med å gje logen liv
før han må gje tapt, og ljoset sloknar.
Att står ein
merkeleg figur
av storkna
stearin.

Det andre ljoset står i livd, brenn roleg og reint;
ingen stearin renn ut,
ljoset brenn ned, stille.
Att står nesten
ingenting.

Eit barn ser ljosa:
«Sjå der, eit troll-ljos, det må ha hatt mykje moro!»
Det andre ljoset
seier ikkje eitt ord;
ingen av ljosa
seier noko.
Dei berre
står der.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.