Forretningsidear for ein pensjonist

No som eg ikkje har daglege, faste arbeidsoppgåver, men surrar rundt og gjer litt av det eine og mindre av det andre, er det godt å stendig oppdaga nye forretningsidear. Slike idear er gode for tanken, sjølv om dei ikkje skulle verta realiserte. Eg ser at som bloggar burde eg finna meg eit eller anna produkt som menn i min alder kan få bruk for, og so skriva om alle dei positive verknadene som slike produkt er meinte å ha. Eg har forstått at det ikkje nødvendigvis treng å vera heilt sant eller påliteleg, det eg skriv. Det må berre verka overtydande og vera med på å styrkja den individuelle sjølvrealiseringa som me alle fortener. Eg har forstått at det er umåteleg mykje me fortener. Og kritikk kan eg avvisa med at kritikarane er fanga av ein eller annan naivitet eller til og med kunnskapsløyse. Kritikarane har enno ikkje avslørt dei mange konspiratoriske kreftene som har hjernevaska dei til å hanga fast ved det som dei trur er fornuft og erfaring. Du og du kor mange samansverjingar det eksisterer der ute! Me er lette offer for slike samansverjingar; meir som nyfødde lam på våren.

Det skal visstnok vera nokon som er villige til å betala for slike bloggtekstar, spesielt dersom det er mange nok som let seg lura av det dei les. I det minste skal det vera mogeleg å å få bruka produkta gratis. Slik sett er det ei grei form for sjølvbergingshushald.

Kanskje skulle eg heller tilby taler til ordførarar eller andre prominente folk som skal meina mykje om det meste, og som støtt og stendig skal formidla meiningane sine i aust og vest, anten dei meiner noko eller ikkje. Gode pengar skal det visstnok liggja i slik taleskriving, i alle fall om ein kan få på kroken ordførarar som trur at kommunen har mykje pengar, eller som trur at som ordførar kan ein gjera omtrent som ein vil. Slike folk hyllar det private initiativet, set fart på forretningslivet og skaper arbeidsplassar. I desse digitale tidene kan eg sitja trygt og godt på Lillehammer og produsera taler i aust og vest. Eg treng berre eit tema, nokre stikkord om kva taletingaren meiner og trur, spesielt det siste. So kan eg forma ei tale slik tingaren vil ha det. Er det ein talar med normal snakkefart, klarer ho/han 100 ord i minuttet. Er det ein rappkjefta trønder, kan eg trygt rekna 130 ord i minuttet, medan ein treg innlending nok vil halda seg på 75 ord i minuttet. Om nødvendig kan eg skriva berre hovudsetningar og halda kvar setning på ca. 15 ord. Skulle det vera ynskjeleg, kan eg byta ut norske ord med engelske, men elles unngå vanlege framandord.

Slike ordførartaler varer normalt tre til fem minutt, eller for å vera meir presis: dei bør ikkje vara lenger enn det. Pris kan alltid forhandlast om, men bokmålstaler vil kosta 25 prosent meir enn nynorsktaler. Eg må alltid ha litt ekstra tid for å bruka skalpell på alle substantiva som snik seg inn i bokmålstekstar, og erstatta dei med verb. Slik språkkirurgi kostar naturleg nok litt ekstra.

Til meir eg tenkjer på det, til meir freistande er det å hiva seg på som taleskrivar. Eg kan knapt venta til fyrste taletingar høyrer av seg. Det er likevel eit stort men – om ikkje lenge vil intelligente robotar overta slik taleskriving, og då kan ikkje taleskriving vera forretningsidé lenger, heller ikkje for pensjonistar.

Share

2 kommentarer til “Forretningsidear for ein pensjonist

  1. Oddmund Hus

    Hallo Magne!
    Det er litt seint på kveld, så det minkar med åtgaum og ordflaum. Men nett eit par ord. Søren og at eg ikkje skulle ha visst dette før, at du står i ferd med å verta taleskrivar. Det skulle eg ha visst før eg skreiv 17.mai talen i fjor. Men det hadde vel kanskje ikkje nytta likevel. For den gongen du var formann i 17.mai komiteen på Utne og du fekk lura meg til å halda talen for dagen, sa du ordrett: «Der går grensa!» Då hadde du vel likevel reservert deg om eg hadde spurt. Så har eg alltid gode råd til andre: Dersom du går brodden for få å skipa Landslaget for taleskrivarar, har du sikra attåtinntekta. Garantert! T.F.

    Svar
  2. Jan Bjurgren

    Så stubben din først nå, midt i november. Joda, jeg har fablet om det samme. I tiden på Lillehammer, hos Store Far nord i byen, gjorde jeg nettopp det. Skrev taler, og noen artikler som andre signerte. Og fikk godord tilbake. Jeg kan jo ikke si hvem jeg skrev for, men de var nok langt over en ordfører i verdighet. Åpnet OL-museet og Litteraturfestivalen og slikt. Så da vi flyttet til Vestfoldkysten, og jeg ikke fikk den jobben jeg gamblet på, prøvde jeg meg som frilans informatør. Grûnderrådgiveren hos fylkeskommunen synes det var en fin forretningside. Jeg fikk noen reklameoppdrag. Men ikke taler. Man må være godt innarbeidet med sånt, gjerne på fast lønn. Men du kan jo prøve min fordums arbeidsgiver nord i byen…

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.