Skøytelaus

Har du nokon gong tenkt på kva som skil når du er uheldig og når du er skøytelaus? Du veit ikkje kva skøytelaus betyr? Andre variantar av ordet er slumsen, aktlaus, tankelaus, uforsiktig eller “skjødesløs”. Det er altså eit ord som ein ikkje utan vidare vil assosiera seg med.

Tenk deg fylgjande situasjon: du står og vaskar opp dei finaste vinglasa dine, eller dei glasa du trur er fine vinglas. Brått ramlar eitt i golvet når du står og turkar opp med ein rein og fin linduk. Pang, seier det, og glaset ligg på golvet, knust og utan botevon. Var du då skøytelaus, eller var du berre uheldig? Skulle eg svara sjølv, ville eg sjølvsagt ha sagt at eg var uheldig. Slikt kan skje for den beste når ho konsentrerer seg sterkt om ikkje å gjera noko feil. Den intense konsentrasjonen kan gjera at ein vert ekstra klumsen, og hender og fingrar stokkar seg lett. Dermed ligg glaset på golvet.

Andre vil leggja vekt på at dette har skjedd før, ja, faktisk fleire gonger. Dei hevdar at dei ser eit mønster og konkluderer med triumferande mine at når ein er uheldig i fleirtal, er ein skøytelaus, dvs. ordnar seg så dumt at det må gå gale litt oftare enn godt er. Dei vil kunna fortelja på ein doserande måte at ein skal stå godt over disken når ein turkar fine vinglas. Det er skøytelaust å stilla seg opp midt på golvet og turka glas. Det er å leggja til rette for at det skjer ei ulukke.

Ein som stendig får skadar på bilen sin, som bryt seg sund på ski eller kollsyklar rett som det er, vil lett kunna få merkelappen ‘skøytelaus’ knytt til seg. Og kanskje kan det vera ein folkeleg definisjon av skøytelaus at ein er uheldig i fleirtal, dvs. det ulukksalige skjer fleire gonger.

På den andre sida: det hender at personar som me tykkjer er aktlause, faktisk lukkast. Dei landar på føtene, dei tek sjansar og klarar oppgåvene. Då er dei vågale og flinke; suksessrike vil mange seia. Dei kan skina i samfunnet som vellukka. Kanskje er det så enkelt som dette: er du uheldig i fleirtal, er du skøytelaus, er du heldig i fleirtal, er du vellukka. Og somme av oss likar å tru at det er ei hårfin grense mellom det å vera uheldig og heldig. Neste gong kan det henda at ein er heldig når ein turkar vinglas.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 × 5 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.