Stikkordarkiv: utnamn

«Konsen»

Somme av oss har vakse opp i bygdesamfunn der det var vanleg å gje folk utnamn eller kallenamn. Ikkje sjeldan var desse namna litt ufine og kunne nok av og til kunna seiast å vera mobbing.

To døme frå barndomen min i Lofthus-bygda kan illustrera kva eg tenkjer på. Ein kar gjekk under namnet «Ole kons», eller berre «Konsen». Soga bak namnet er enkel og infam. Som unggut hadde han arbeidd nokre månader som dreng i Telemark. Då han kom heimatt, hadde han bytt ut hardinguttrykket «aoko/aokan(s)» med «åkkons» eller «‘kons». Dermed var det gjort. Resten av levetida vart han ikkje kalla anna en «Konsen» eller «Ole Kons». Sannsynlegvis tykte han ikkje særleg om det, men det var nok fåfengt å gjera noko med det.

Ein annan kar, som også heitte Ola, fekk kallenamnet «Ole sjømann». Han hadde faktisk to kallenamn, og det andre var «Poraten». Grunnen var at hakepartiet hans var ikkje så ulikt haka til boksaren Otto von Porat (1903-1982). Denne karen hadde planar om å reisa til sjøs. Han skulle mønstra på i Bergen. På den tida var den vanlegaste reisemåten til Bergen å reisa om natta med båtruta som gjekk mellom Odda og Bergen. Soga vil ha det til at det hadde vore litt sjøgang på turen, og han Ola vart sjøsjuk. Komen til Bergen ombestemte han seg difor og returnerte til heimbygda utan nokon gong å verta sjømann. Den kollektive bygdehumoren døypte han til Ole sjømann for resten av livet. Han var ungkar og kjøpte brøda sine på det lokale handelslaget. Det vart fortalt at butikkjentene på handelslaget skreiv «Ole sjømann» på brødpakkane hans. Han bad om at dei brukte det rette namnet hans, og vonlegvis retta dei seg etter det. Kallenamnet vart han likevel aldri kvitt. Folk omtalte han som «Ole sjømann» eller som «Poraten».

Desse to døma på kallenamn i eit bygdesamfunn er nok av det meir snille slaget, sjølv om den infame spiten er meir enn tydeleg nok. Andre gonger kunne kallenamna ta utgangspunkt i kroppslege lyte og liknande. Det var reinspikka mobbing, spør du meg. Vonlegvis er skikken med spitande kallenamn på retur, sjølv om eg ikkje er heilt sikker, i alle fall ikkje når eg les kva som kan serverast i kommentarfelt på sosiale medium. Medmenneskeleg respekt er vel ikkje alltid det som dominerer i samhandling og kontakt mellom menneske.

Share

Klakaskadle og andre godord

Her om dagen såg eg i statistikken for bloggen min at nokon i Bergen hadde søkt på Google etter ordet klakaskadle. Det eksistensielle spørsmålet er sjølvsagt kvifor ein bergensar måtte ty til Google for å få vita noko om ordet klakaskadle. Svaret får eg nok aldri, heller ikkje om eg spør Google. I alle fall, viseleg nok vart den forvitne bergensaren førd til ein av bloggtekstane mine frå november 2015. Eigenleg er det eit teikn på at det ligg litt sunt vit i botnen på dei algoritmane som styrer Google-søkinga. Men nok om det.

Eg kom til å tenkja på andre «godord» som eg og kameratane mine vart velsigna med av foreldre eller andre som på ulik vis ville karakterisera oss ungane og ferdalaget vårt. Orda er kanskje ute av bruk no, dei fleste stader. Somme vil nok kalla dei skjellsord. Som oftast vart dei likevel serverte med eit glimt i auga. Og samanlikna med dei karakteristikkane som er vanlege i dag mellom ungdomar, er desse orda for oppbyggeleg sundagsskulelærdom å rekna.

Utan tvil var klakaskadle eit favorittord for far når eg bar meg dumt åt i praktiske gjeremål. Han hadde nok rett, dei fleste gongane. Ordet er sjølvforklarande og temmeleg presist på ein famlande gutunge som korkje er interessert i eller flink til å utføra praktiske gjeremål. Ein skikkeleg treneve kunne eg vera.

Andre gonger kunne eg få høyra at eg var ein tasaleist. Bak det låg ei oppfatning av at eg nok kunne vera litt varsam av meg, tok ikkje unødige sjansar. I dei fleste høva kunne det nok vera ein føremonn, men det hende sikkert at varsemda vart overdriven. Tase heng saman med tassa, å lista seg, gå varsamt. Leist kjenner me til i ord som sokkaleist. Eit anna ord i same gata var jase. Ordet kan bety hare og peikar på ein litt unnvikande og småredd person.

Det var i grunnen godt om nemningar eller utnamn som karakteriserte oss på ulik vis. Slik eg hugsar det, var slike utnemne knytte til negative kjennemerke. I farten kjem eg på slaur, utange, travalark og trave, berre for å nemna nokre få som uttrykte at den som vart karakterisert, var ulydig og ufin. Bruk av slike utnamn avspeglar kanskje eit miljø som var raskare til å slå ned på uynskt åtferd enn å skryta og godsnakka. Me sløste nok ikkje med godorda, livet var for alvorleg til det. Ikkje slik å forstå at me vaks opp i eit skrekkvelde der utnamn fauk om øyro seint og tidleg. Og når det vanka godord, visste me at det var meining bak dei. Ikkje trur eg at me har hatt posttraumatiske seinverknader heller, sjølv om sjølvdiagnostisering er ei tvilsam øving. Som nemnt, var nok bruken av utnamn som oftast kombinert med ein omsorgsfull smil. Likevel er det sikkert terapeutsjeler der ute som meir enn gjerne kunne tenkja seg å diagnostisera oss no i ettertid.

Det vanlegaste utnamnet var nok tosk, og la meg ta med ei lita soge, som kan ha vore sann. Kona i huset kom opp i ein diskusjon der ho vart sitjande heilt åleine med synspunkta sine. Ikkje eingong mannen støtta henne. Han sat berre og smålo av meiningsutvekslinga. Då vart det nok for kona. Ho snudde seg til mannen sin og utbraut: «Og du Ola, du berre sit der og er ein tosk!»

Eg må nok vedgå at stundom, når eg ser debattar i fjernsynet eller les i aviser, kjem eg på desse utnamna frå barndomen. Kven av kjendisgalleriet som passar til kva utnamn? Nei, so mykje skjemmevit har eg, at eg held fordommane mine for meg sjølv.

Share