Kategoriarkiv: Amerika-brev

Amerika-billetten

Eg sit med eit gamalt dokument framfor meg. Det er rosa på farge og ber merke av å ha vore bretta saman i mange år. Dokumentet er billetten fars-besten min, Jakob Jonsson Velure (1863-1943), brukte då han 28. juli 1882 reiste til USA. Ein 10 år eldre bror, David Johnsson, (1853-1930) var reisefylgje. Han hadde vore i USA sidan 1875 og var heimkomen for å henta veslebroren med seg til eit nytt liv i Amerika. Billetten viser at det kosta besten min 177 kroner og 70 øre å reisa med Inman-linien via Hull og Liverpool til New York. Dei var framme i New York 12. august 1882. Billetten dekka dessutan togbillett til Durand i Illinois, der David budde.

Begge flytte på seg i USA, m.a. budde dei ein periode i Cresco, Iowa, og begge livnærte seg som skreddarar. David kom attende til Lofthus-bygda, der han gifte seg i 1887. Besten min kom attende til Sørfjorden i 1891-92. Han òg slo seg til i Lofthus-bygda som skreddar.

Det er litt rart å handfara dokumentet og veta at det ein gong i tida var eit avgjerande papir for besten min. At billetten fylgde han i alle åra etterpå, viser at det var viktig for han. Tru kva han tenkte då han fekk billetten i handa, underskriven og stempla? Papiret var bokstavleg tala inngangsbilletten til eit nytt og ukjent liv. No var han som 19-åring ikkje heilt åleine i verda. Den eldre og erfarne broren var nok ei god støtte. Og han visste at tusenvis av andre var i same situasjon som han: på leit etter eit betre liv enn det som baud seg i heimbygda. Han og syskena hadde vore på legd og i arbeid sidan dei var 12-13 år. Framtida var ikkje utan vidare lett i Sørfjorden når du kom frå ein fattig strandsitjarfamilie i Holo på Velure.

Eg møtte aldri besten min. Har berre forteljingar om han og foto av ein småbroten mann. Amerika-billetten er på ein måte det næraste eg kan koma besten min. Eg veit at han har hatt billetten i hendene mange gonger. Sannsynlegvis er det enno dna-restar etter han på papiret. For han var billetten starten på ein spennande periode i livet. For meg er papiret vitnemål om ein fjern bestefar og at eit originaldokument inneheld nokre dimensjonar som kopiar og foto aldri heilt maktar å erstatta.

Share

Holo – strandsitjarheimen

HPIM0493

Murane etter huset i Holo på Velure

Det er sikkert tusenvis av husmurar som står forlatne rundt om i landskapet. Husmurar fortel om levd liv. Mange gonger veit me ingenting om dei som levde der. Då må me bruka den fantasien me måtte ha og førestilla oss kva liv dei hadde, dei som heldt til der den gongen det var eit hus som stod på murane.

Biletet til denne teksten viser murane etter huset, der oldebesten min, Jon Davidsen Velure (1820-1891) budde med familien sin fram til han døydde. Karakteristisk nok vart plassen kalla Holo. Eg vert aldri heilt ferdig med oldebesten min, strandsitjaren utan jord, men med kone og 10 born. Grunnen er nok at eg har brev etter han og etter fleire av borna hans. På den måten kjem eg litt nærare slektningar som levde for snart 200 år sidan.

Jon gifte seg i 27. mai 1851 med ni år yngre Johanna Jakobsdotter (1829-1910) frå Ytre Langesæter, ein gard litt lenger ute i Sørfjorden på vegen mellom Velure og Utne. Ho var husmannsdotter. Sjølv var Jon frå eit av gardsbruka på Velure, fødd som barn nummer fem i ein syskenflokk på åtte. Ein eldre bror overtok etter kvart garden, medan Jon måtte ta til takke med eit hus i Holo. Det er sannsynleg at han bygde huset sjølv sidan han er oppførd som den fyrste brukaren i Holo. Sjølve huset har eg ikkje funne foto av, enno. Med so mykje foto som det er frå Sørfjorden og gardstuna der, burde det vera mogeleg å finna noko.

Den fyrste dottera, Brita, vart fødd allereie 6. juli i 1851 og døypt 20. juli. Seinare kom det ni born til, fem gutar og fire jenter. Den yngste, Johanna Karolina, vart fødd i 1874. Alle voks opp. Jon prøvde å fø familien som dagarbeidar, men livet for den veksande familien var strevsamt. Etter kvart som borna vart 12-13 år, betalte Fattigvesenet plass for dei som legdslemer på ulike gardsbruk i fjorden. Familien til oldebesten var den einaste i skulekrinsen som i folketeljinga for 1865 hadde merknaden «understøttes af Fattigvæsenet». To søner og to døtrer utvandra til USA. Tre av dei har etterkomarar der. To av brørne var i USA fleire år, men begge to, David og Jakob, som var besten min, kom attende til Sørfjorden. Dei slo seg ned på Lofthus der dei livnærte seg som skreddarar. Dei fire andre borna slo seg ned i indre Hardanger, frå Odda til Alvsåker. Då oldebesten min døydde i 1891, flytte oldebesta til David, den eine skreddarsonen på Lofthus.

Eg har nokre brev etter oldebesten min og fire av sønene. Breva var i si tid skrivne til Jakob-besten min. Dei var absolutt skriveføre, og den yngste sonen, Johannes, gjev levande skildring av livet som dreng på ein gard på Lutro i 1890. Oldebesten min må ha gått i omgangsskule i åra 1827-1834, og han må ha lært sopass at han var godt ført til å skriva brev. Det er tydeleg at familiemedlemene likte å ha halda kontakt med kvarandre gjennom brev. Det vitnar om vilje til samhald.

Ein husmur, nokre brev og tilgang til kjeldemateriale som folketeljingar, kyrkjebøker m.m. Slik får eg puslebitar til å danna meg eit bilete av ein av oldebestefamiliane i slekta mi. Det var ei tid då Odda, Ullensvang og Kinsarvik var samla i «Kingservig» prestegjeld. Odda og Ullensvang var rekna som anneks, I 1855 var det registrert godt 5600 sjeler i Kinsarvik prestegjeld. Fjorden var hovudferdselsåra, og det var før fruktdyrkinga enno hadde skote fart i Sørfjorden. Livet var strevsamt, men alle fattigborna frå Holo kom seg fram på ulik vis.

Share