Snjo

Ja, eg veit at ‘snø’ er sokalla normalform i ordbøkene, og dei gongene eg skulle skriva normal-nynorsk, skreiv eg òg snø. Men ‘snjo’ er det ordet eg vaks opp med, og det brukar eg i daglegtale. Den seinare tida har eg òg valt å bruka det skriftleg. ‘Snø’ kjennest unaturleg ut. Og so er det noko med den kjælande omgangen med lydar, overgangen frå ‘s’ via ‘n’ og ‘j’ til den avsluttande ‘o’-en. Det smeltar i munnen, bokstavleg tala.

Me har vel alle dialektord som me likar, men som ikkje kan skrivast i sokalla normalspråk. Eg har ein del slike ord. ‘Morell’ er eit ord eg ikkje vil eller maktar skriva på normalspråket. Det skal heita ‘ein morell’ ifylgje ordboka. Det stokkar seg fullstendig i mitt hovud. For meg vil ‘morell’ alltid vera hokjønnsord, ‘ei morilda’ – fleire ‘morilder’ i dialekten min. I skriftspråket ville det difor ha heitt ‘ei morelle’, dersom eg skulle ha bestemt. Ei slik god og søt frukt burde ikkje kunna vera anna enn hokjønnsord, spør du meg. Den som i si tid fekk bestemma at det skulle heita ‘ein morell’, har i alle fall ikkje vakse opp i Hardanger. Vedkomande kan knapt ha smakt moreller.

Men her fortapar eg meg i sommarlege, gastronomiske sysler som å eta moreller, medan utgangspunktet for teksten var vinter og snjo. Merkeleg korleis tankane og fingrane går heilt på sjølvstyr på tastaturet. I skrivande stund ser eg ut på eit stille, men kraftig snjofall. Snjofjona kjem raskt dalande og jamnar ut konturane i landskapet etter kvart som snjomengda aukar. Alt er so lydlaust. Tankar og kjensler vert inviterte til å la seg omfamna av denne kvite stilla som meir enn gjerne vil pakka deg inn. Som gutunge kunne eg festa augo i eit snjofjon høgt oppe i lufta og fylgja fjonet til det landa på bakken. Då var nok synet skarpare og snjofallet meir bedageleg enn akkurat i skrivande stund. So kunne eg lura på kor høgt opp fjonet hadde starta tilværet sitt og sett i gang det etter måten korte fjonlivet sitt på veg ned til oss. Fann sjølvsagt aldri eit svar, og det var heller ikkje so viktig. Det avgjerande var å lata tankane fara, fjonlette inn i det kvite snjolandskapet. Stundom er undringa mykje viktigare enn svara.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

19 − 18 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.