Bergskorta

Der,
nett der i bergskorta
oppe i fjellsida,
skal tru om eit menneske nokon gong
har trakka der?
Kanskje har menneskeføter
ein eller annan gong
teke seg fram for å leita etter sauer,
kanskje gått på jakt,
eller berre gått ein tur,
likefullt,
det er pirrande
å tenkja seg
at på somme stader,
i skikkelege utskjekler,
der har ein mannefot
aldri sett spor etter seg,
at ei bergskorte der oppe
har sloppe undan
eit fysisk møte
med menneske,
kvar og ein kan tenkja
med seg
om det er vist eller gale,
eg tenkjer no mitt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.