Minne

Musikk smyg seg inn
under fasadepanseret,
tonar strøymer inn
til det inste rommet,
der vibrerande sansespirer
ligg innkapsla
i tunn hud.
Vaknande, varsam glede
blandar seg med
undrande vemod:
 – minne
er leivningar
av det som var,
skuggar frå det
som kunne
ha vorte.
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *