Stikkordarkiv: annleis

Dersom-livet

Dersom ikkje den vesle
blodåra i hjernen
hadde sprukke,
den lagnadstunge augneblinken,
straks etter fødselen;
dersom kroppen hadde
ordna opp, slik han gjer,
mange gonger;
dersom det genetiske
grunnlaget hadde fått
utvikla seg i ein vanleg
kropp,
slik fleirtalet av oss
opplever;
dersom munnen hadde fått 
forma ord, 
slik som dei fleste
kan gjera;
dersom spelefingrane
hadde fått lokka fram tonar
frå fela,
eller leika med tangentane;
dersom alt hadde vore
annleis,
kva då?
Ingen veit, og det er like
greitt.
Dersom-livet berre er der,
ein stad der ute,
formar tankar,
men aldri røyndom;
eller – kanskje er det ingen
røyndom
utan dersom-tankar?
 
Livet vart som det vart,
korkje meir eller mindre.
Det vart eit
liv, 
med glede og tyngsle, 
ein takande smil, glimt i auga, 
lått, av og til mykje lått, 
og godt humør.
Frustrasjonar, ikkje alltid lette å forstå, 
men dei er der.
Og musikk, ikkje minst musikk, 
mykje musikk.
 
Den vesle blodåra endra eit liv,
men øydela det ikkje,
det vart berre annleis,
svært annleis.
Share