Stikkordarkiv: boksider

Bokryggar

Lèt meg fjetra
av bokryggar,
lange rekkjer
med bokryggar,
fylte med
bokstavar og ord
som sender korte meldingar,
står der og lokkar oss
til å ta ut boka frå hylla,
opna henne,
la boksidene gli
gjennom hendene,
festa augo på
bokstavar og setningar,
kjenna korleis
den opne boka
dreg oss inn
i nye univers,
til ukjende menneske,
somme er ufyselege,
andre er som oss,
snille og fornuftige

desse korte orda
på ein bokrygg
er som nyklar
til store salar
og små kott,
men framfor alt
til dei indre romma
som berre
er våre.

Ei open bok

Eg vandrar rundt som ei bok
mellom andre bøker;

stundom møter eg
ei open bok,
boksidene blafrar fritt
i vinden,
orda strøymer ut,
ber om å verta sedde,
vil gjerne verta lesne

so kan eg møta ei anna bok,
stive permar held sidene
tett saman,
ord og innhald er der,
boka kan opnast,
det krevst berre litt
ekstra omsut

sjølv held eg meg mest
med stive permar,
ei hende gong
tek nokon tak i
permane,
opnar boka og
får sidene til
å blafra.