Stikkordarkiv: bordet

Blankt ark om kvelden

Det nærmar seg kveld,
enno ligg arket heilt blankt
framfor meg,
tankane forma ord og
setningar,
dei nådde ikkje fram
til arket,
heldt ikkje mål,
fekk ikkje fram
det som var meint,
drukna kanskje i si eiga
meiningsløyse.

Arket ligg der enno
i kveldstimen,
heilt blankt,
gjev von for
morgondagen,
bordet er ikkje heilt
tomt.

Share