Stikkordarkiv: frost

Fallande lauv

Tenk å vera
som eit fallande lauv,
tenkja seg inn i
kjensla
av å vera i fritt fall
svevande hit og dit,
sakte, sakte,
kjenna vinden endra retninga
av fallet,
ta ein ekstra runde
oppover i lufta
før kursen tvillaust
går nedover
landar mjukt i graset,
finn ut at det er
mange nedfalne lauv,
dei ligg tett, tett

skrekken er menn i gule vestar
dei kjem brølande med
lauvsamlarar
blæs lauva saman
i store, tettpakka
klaustrofobiske dungar

vona må vera å få liggja der
ein fall
ventande på
rim,frost og snjo,
denne kalde dyna som
gøymer ein frå
alt og alle,
kjenna korleis lauvstrukturen
etter kvart
berre vert jord,
når naturen vaknar til liv
til våren ein gong.

Stinklande netter

Naturen er raus og
leikande,
lèt frosten
spela med vasspyttane
i stinklande netter,
gjer vatnet om til
tunt lag av is,
blankt, hålt og
kaldt;

på dagtid prøver sola
å ta attende vatnet
frå den frosne forma,
la vatn vera berre
flytande vatn;

frosten smiler stivt og
kjøleg,
veit med seg sjølv
at stinklande netter
ber bod om at no
framover skal han, frosten,
vera i førarsetet;

sola geispar bleikt,
vel vitande at
frostriket ikkje varer
evig,
i alle fall ikkje lenger
enn til neste vår.

(«Stinkla» er dialektord som beskriv at det legg seg tunn is på vassflater)