Stikkordarkiv: gjenstridig

Ein gjenstridig ein

Eg sit og ser på
ein gjenstridig ein,
ein einsleg løvetann
som har sloppe undan
ei streng husfrue
som ikkje likar at
gule blomar stikk opp
i det grøne vårteppet,
den gulkledde strekkjer seg
ovmodig,
brikjer seg uvitande om
at livsmotet
om litt får ein brå
slutt.
Den eine mot dei mange
er ofte ein fåfengd kamp,
i alle fall i ein grøn plen
ein solfylt maidag.

Share