Gamal tregrind
slår i haustvinden,
nokon har gløymt
å stengja
einsam grind virrar
i vind og regn,
hengslene gneg på
rustne krokar
ingen dyr ligg
innåt grinda,
berre blafrande haustlauv
kjæler med treverket
ingen ventar på nokon
ved grinda,
ingen deler ord lenger
over gløymd grind.