Stikkordarkiv: godt hald

Stiller du spørsmålsteikn?

Ja, eg berre undrar litt, fordi eg høyrer rett som det er, at folk stiller spørsmålsteikn. Det seinaste dømet var eit radiointervju med ein kjend politikar som stilte spørsmålsteikn ved eitt eller anna. Upraktisk som eg er, har eg store vanskar med å sjå korleis det kan gjerast. Eg kan stilla klokka, somme kunne visstnok stilla stormen, nokon hevdar òg at dei kan stilla blod. Enno har eg likevel til gode å forstå korleis nokon stiller spørsmålsteikn.

No skal eg vel ikkje gjera meg dummare enn eg er. Eg forstår at folk blandar saman uttrykka «stilla spørsmål» og «setja spørsmålsteikn ved». Ingen av uttrykka er særleg gode; det ville i dei fleste tilfella ha vore betre å berre bruka verbet «å spørja». Som oftast vert det betre språkføring av å erstatta unødige substantivuttrykk med verbalformuleringar.

Nokon kvar går nok i denne fella og blandar saman uttrykk. Resultatet er at uttrykka ofte vert meiningslause, eller i det minste litt komiske. Sjølv bruker eg stundom uttrykket «å mjøla si sjuke mor», når eg fortel at interessegrupper vil fremja ei sak for politikarar eller andre myndigheitspersonar. Sjølvsagt veit eg at eg blandar saman «å be for si sjuke mor» og «å mjøla si eiga kake». Litt formuleringsmoro må ein kunna unna seg.

Lista over samanblanda uttrykk kan gjerast lang som eit vondt år. Somme prøver å skilja mellom «hummar og kanel» (hummar og kanari), kanskje for å sleppa å få «svin på stien» (svin på skogen). Atter andre snakkar om å «falla i god fisk», medan dei meiner å «falla i god jord». Me som har nådd pensjonistalder, vert stundom skulda for å «nyta vårt opium». Sannsynlegvis er det fleire som veit kva opium er, enn at «otium» er latin for «fred, kvile». Ein artig variant er å snakka om å «kasta inn årane»; ei samanblanding av » å kasta inn handkledet», å gje opp o.l., og «å leggja inn årane», dvs. slutta eller gje seg.

Ein lokalpolitikar snakka ein gong om kor viktig det er å setja inn tiltak for problemungdom, før dei dei hamnar på «de skrå bredder». Han meinte sikkert «skråplanet» og tenkte nok ikkje på at «de skrå bredder» er ein metafor for teaterscene. Ein nyheitsopplesar skapte også litt humring då han serverte fylgjande tilstandsrapport: «Mumien er over 2000 år gammel og i usedvanlig godt hold.» Personen var kanskje i godt hold før han/ho døydde, men som mumie kan ein i beste fall vera godt bevart.

Me må nok leva med at mange av oss blandar saman ulike uttrykk, stundom til ufrivillig glede for dei som er rundt oss. Eigenleg er det eit teikn på at språket endrar seg, m.a. fordi uttrykk etter kvart vert uaktuelle, og me ikkje alltid forstår kva som er meint. So får det berre vera litt språkleg krydder i ordbruken vår når somme utbryt at dei har det som greven i egget, eller andre er so heldige at dei ser «lyset i enden av pølsa». Slike gonger er det ikkje å undra på at me opplever at alt kjem «som kjerringa på jolekvelden»

Gravityscan Badge

Share