Det ligg eit hav av oppgåver
eg skulle ha gjort,
men som eg ikkje
gjorde,
fordi eg ikkje ville,
fordi eg ikkje kunne,
fordi eg ikkje orka;
på små holmar
av utførte oppgåver
gler eg meg over
dei gongene holmane gav meg
fast grunn under
føtene.
Alt eg skulle ha gjort
Legg igjen en kommentar