Stikkordarkiv: innskoten musikk

– Men fyrst litt musikk

No i pensjonistalderen er det god tid til å høyra på radio om dagane. Då har eg oppdaga eit mønster i sendingane som i aukande monn irriterer meg. Kvar gong ei samtale eller ei forteljing/resonnement er i ferd med å verta interessant å høyra på, kjem setninga som kitlar irritasjonsmusklane i ryggen: «Men før me går vidare, litt musikk.» Og så går det 3-4 minutt med meir eller mindre inkjeseiande musikk, i alle fall utan tilknytning til den verbale delen av programmet. Eg har begynt å tru at sjølve definisjonen på eit radioprogram er ei samtale/eit intervju/ein verbal presentasjon som vert avbroten av musikk med jamne mellomrom. Det er sikkert nokon ekstra smarte eksemplar av manneætta som har funne på at me gjennomsnittlege radiolyttarane ikkje har hjernekapasitet til å høyra på verbale presentasjonar meir enn toppen fire-fem minuttar i venda. Då må me kvila restane av dei små grå, og det skjer best med inkjeseiande dusinmusikk. Då kan me kopla vekk vitet nokre minutt og vera klare til å høyra på ei ny, kort verbal stund. Det må desse smartingane tru.

Det er berre det at eg ikkje er skapt slik som desse smartingane trur. Eg høyrer meir enn gjerne musikk, men for meg er det ein sjølvstendig aktivitet. Då vil eg konsentrera meg om musikken i fred og ro, utan at nokon skravlar i veg om laust og fast. På same måten høyrer eg gjerne på at folk pratar, både i radio og i andre samanhengar, dersom dei har noko vitig å seia. Innskoten musikk derimot treng eg ikkje. Tvertimot, då kan eg lett missa konsentrasjonen og slår like godt av heile radioprogrammet. Det er slett ikkje noka samfunnsulukke, men det kan absolutt henda at eg går glipp av noko viktig som eg burde vita. På den andre sida, dei fleste av oss kjem oss gjennom livet vel vitande at det aller meste i livet, det veit me ikkje. Slik sett er denne teksten både gagnlaus og meiningslaus.

Share